Julegåver som varmar
Vil du gi ei julegåve som verkeleg skil seg ut? Gi bort ei stund i badstova ved fjorden – ei oppleving med ro og varme for både kropp og sjel.
Vel mellom vårt juletilbod for to, sesongkort eller eit standard gåvekort – og skap gode augneblink ved fjorden som mottakaren vil hugse lenge.
Juletilbod: Fellessauna for to - kr. 695,-
Dette er gåva for dei som vil dele ei fin oppleving. To plassar på fellessauna – perfekt for par, vener, søsken eller den du vil overraske med noko ekstra.
Du får:
Fellessauna for to personar til rabattert pris (ordinærpris frå kr. 890,-)
Gyldig i 1 år frå kjøpsdato
Gyldig for Aurland og Flåm
Digitalt gåvekort som kjem rett i innboksen
Sesongkort - kr. 995,-/ 1995,-
Gi bort ei gåve som varer litt lenger: fleire besøk i badstova gjennom heile vinteren. Sesongkorta gjeld til og med 15. mai 2026 og passar for alle som vil nyte sauna i vintermånadene.
To alternativ:
5 klipp – kr. 995,-
15 klipp – kr. 1995,-
Du får:
Svært rabattert pris (ordinærpris frå kr. 445 per økt)
Gyldig til 15. mai 2026
Gyldig for Aurland og Flåm
Kan brukast på alle ordinære fellessauna-økter
Digitalt gåvekort som kjem rett i innboksen
Standard gåvekort – kr. 445,-
Eitt besøk i badstova for éin person – eit klassisk og hyggeleg gåveval. Perfekt som gåve til vener, familie, kollegaer – eller som ei lita overrasking til nokon du er glad i.
Du får:
Eitt besøk på fellessauna
Gyldig i 1 år frå kjøpsdato
Gyldig for Aurland og Flåm
Digitalt gåvekort som kjem rett i innboksen